Vinjerock inviterer: Julekonsert med Silver Belle
Vang kyrkje
Tyinvegen 5145, 2975 Vang i Valdres, Norge
Buskerud
61.125856
8.5754386
10. desember inviterer Vinjerock til julekonsert med Silver Belles og vener!Eit splitter nytt julesamarbeid, skapt av musikarane Stine Andreassen og Live Miranda Solberg. Dei trakterer strenger, tangentar, fleirstemt vokal og gjev publikum eit nøye kuratert utval av julemusikk. Me får servert klassikarar, nyare favorittar, originalar og eksepsjonelt dyktige musikarar.
Med mykje medvind og merksemd kring kvar sine band/soloprosjekt, speler Andreassen (The Northern Belle) og Solberg (Louien) også saman i folk-kvartetten Silver Lining. Det er frå to av desse banda at prosjektet har fått sitt namn.
Men kven er så venene i denne samanhengen? Spellemannvinnar Signe Marie Rustad er med på laget og det same er den norske americana-scena sitt nyaste stjerneskot, Ole Kirkeng. Garantert julestemning!