Vinjerock: Ferdamini - Ingebjørg Bratland/9 grader nord
Tyinholmen Høyfjellsstuer
Eidsbugardvegen 1600, 2985 Tyinkrysset, Norge
Møre og Romsdal
61.354786
8.258876899999997
Description
Velkommen til konsert på Tyinholmen i Vang!
I Aasmund Olavsson Vinje si ånd vil Vinjerock lage eit ekte ferdaminne frå sumaren 2020. Saman med Valdres Sparebank og Den Norske Turistforening (DNT) inviterer vi bygdafolket, hyttefolket og fjellfolket med på konsert! Den korte ferda vår går til Tyinholmen, eit steinkast frå festivalområdet vårt, der det vert konsert, mat, tur og mykje kos. Det er som kjent, så viktig aa kosa seg, og det skal vi få til i år óg!
Du kan velje deg ein av to konsertar, klokka 14 eller klokka 19. Det blir lagt ut 200 billettar til kvar konsert. Ingebjørg Bratland kjem med si fantastiske stemme og 9 grader nord skal trollbinde med sine svingande rytmer. Kvar konsert byr på begge artistane, så her går ein ikkje glipp av noko.
Barn er sjølvsagt velkomne på dagkonserten klokka 14. Barn frå 0-5 år går gratis, og frå 5-16 kostar billetten 200 kroner. Grunna restriksjonar på publikumstal, må de også reservere gratisbillettane. Dei ligg som eigen kategori når du vel billettar.
Når du har valt konserttidspunkt, legg du opp dagen som du sjølv ynskjer. Om det er å ete god mat på Tyinholmen, Fondsbu Turisthytte eller Tyinkrysset Fjellstue, sykle langs Tyin, gå ein lang fjelltur, bli med på guida tur eller berre reise heim att - det er opp til deg. Fleire ulike aktivitetsforslag denne dagen vil kome.
Grunna smitteomsyn- Skal du halde deg heime om du har symptom på luftvegsjukdom- Ber me om at du fylgjer skilting og oppmodingar om kor ein skal gå og kor nær ein kan sitte. - Vonar me du nytter antibac som vert gjort tilgjengeleg, eller har med eige. På doane kan ein få vaska henda. - Kan du ikkje klemme på andre enn dei du kom med - Vil me at publikummet fylgjer dei tidane vi kjem til å legge ut for innslepp og utslepp for kvar konsert. - Ynskjer me at du kjem til Tyinholmen i konserttida berre om du har billett.
Korleis kome seg til TyinholmenParkering:
Det er plass til å parkere på Tyinholmen, men me oppmodar til å dele bil om du kjem med andre i din omgangskrets
Ynskjer du å gå/sykle til konserten er det eit alternativ å parkere på Eidsbugarden (3,5 km) eller Tyin (16 km). Betalingsinformasjon/automat finn du på parkeringa.
Kollektivt:Det er skrint med kollektive tilbod på fjellet, men ein kan kome seg til og frå Tyinholmen ein gong eller to om dagen. Sjekk om du finn ei reiserute her: https://entur.no/ (stoppestaden heiter Tyinholmen, og hugs å bestill på førehand!)
Pakkeliste:Noko å sitte påSolkrem eller regntøyBilletten dinDagtursekk med det du og dine treng for ein dag til fjells!
This listing has no upcoming events
Start:
2020-08-08T19:00:00+02:00
End:
2020-08-08T20:30:00+02:00
This listing has no upcoming events
Start:
2020-08-08T14:00:00+02:00
End:
2020-08-08T15:30:00+02:00
Category
Music
Tickets
Barn (0-5 år)
0.0
NOK
20