Vinjerock 2023: Panoramatur til Utsikten
Vinjerock
Eidsbugardsvegen, 2985 Vang i Valdres, Norge
Møre og Romsdal
61.37483
8.296823999999999
Panoramatur til Utsikten (1485 moh.)
Treng du eit avbrekk frå festivallivet? Kva med å bli med på ein tur med DNT ung på panoramatur til Utsikten? Dette er ein kort/mellomlang tur som med litt værflaks kan by på ein utrolig panoramautsikt over Jotunheimen. Me fylgjer DNT-stien mot Yksendalsbu ein bit før me ved stikrysset tek mot høgre op og mott toppen. Her kan ein som gruppe også velje å gå vidare til det høgaste punktet på fjellryggen, Skjenegge, som ruvar 1607 moh.
Turen inneheld ingen eksponerte partier, og det einaste partiet som følast luftig er sjølve toppen. Delar av turen går i ur og ulendt terreng og me må forvente å passera nokon snøfonner mot toppen, det kan difor vere lurt å ha på gode og solide sko.
Gradering: Grøn
Plassar: 12 per tur
Pris: 350,-
Tidspunkt:
Fredag 10:00-14:00
Utstyr:
Stor og god matpakke
Stor vannflaske
Gode sko
Varme klær
Solbriller og solkrem
Oppmøte: DNT ungs turinformasjon klokka 09:45, me går frå festivalområdet klokka 10:00
Turen er i regi av DNT ung