Vinjerock 2023: Lefsebakekurs
Vinjerock
Eidsbugardvegen 1915, 2985 Tyinkrysset, Norge
Møre og Romsdal
61.3745236
8.2975895
På kurs i lefsebaking får du ei innføring i korleis ein lagar klassisk potetlefse frå Valdres. Desse lefsene brukast tradisjonelt sett til rakfisk og spekemat, men du kan også bruke dei som lompe til pølse. Vi vil gje innføring både korleis deigen lagast, kva for nokre reiskap det er kjekt å ha, tips og triks til sjølve utbakinga og sjølvsagt nokre hemmelegheiter som gjer bakinga til ein leik. Dette kurset er for deg som ikkje har bakt lefser før, men som er nysgjerrig på lokalmat og kortreiste mattradisjonar! Etter kurset vil du kunne bake din eigen lefse og antageleg er du også litt mindre sulten enn då du kom! Vel møtt.
NB! Det står fredag på billetten, men det er laurdag 23. juli kl 1500 som er riktig.
Gradering: grøn
Plassar: 10
Pris: 300 kr
Tidspunkt: laurdag kl. 15
Utstyr: godt humør
Oppmøte: Storteltet