Vinjerock 2022: Høgfjellssafari
Vinjerock
Eidsbugardsvegen, 2985 Vang i Valdres, Norge
Møre og Romsdal
61.37483
8.296823999999999
Er du nysgjerrig på kva nyttevekstar ein kan komma over i fjellet? I år har du tre safarimoglegheitar:
Høgfjellssafari
Dette er ein litt lengre tur som inneheld litt meir gange enn tidlegare års safariar. Me startar frå Eidsbugarden og går eit lite stykkje inn langs Bygdin, før me klyv opp Gravafjellet og går vidare i slakare terreng innover mot Høgbrotet. Undervegs ser me på forskjellane i flora og fauna mellom dei frodige, sørvendte liene nede ved Bygdin og det karrige høgfjellsterrenget lenger opp. Tempoet blir litt raskare enn på ein blomesafari, men framleis langt unna tinderanglarfart.
Gradering: Grøn
Plassar: 15 per safari
Pris: 350,-
Tidspunkt: Torsdag 11:00-13:00
Utstyr:
Fjellsko/gode tursko
Turklede
Kikkert (om du har)
Notatblokk kan også vere kjekt å ha med
Oppmøte: DNT ungs turinformasjon